Helga hos Kellie

 










Siste familien













Mysteriet Boulder

Boulder har vore denne myteomspunne byen heilt frå dei fyrste vekene mine. Når folk spurte og eg sa at siste familien min budde der fekk eg alltid desse litt unnvikande svara: Boulder, hmmm; that will be different; ohh, that's nothing like here; I hate Boulder, you'll love it!; it lives a lot of special people there; o.s.b. du ser poenget mitt. Eg hadde derfor nokre forventningar før eg kom hit, sjølv om eg prøvde å vere open til sinns.

University of Colorado ligg i Boulder, so byen er derfor meir liberal resten av USA og på alle måtar veldig påvirka av studentmiljøet rundt. Vertsfamilien min består av Karen og Kevin og Kellie (30) som bur like i nærleiken, dei har i tillegg ein son, men eg får ikkje møtt han sia bur i ein heilt annan stat.

Litt meir frå Bennett...


















Heia! Heia! Bennet H. S. Football

Min fyrste amerikans fotballkamp...

Som ein god ende på Bennet opphaldet mitt var heile familien fredag og såg på lokaloppgjeret mellom Bennet High School og Strasburg High School. Amerikansk fotball har mange reglar og er ganske brutalt å sjå på. Hadde det kjempekjekt sjølv om eg ikkje forsod so masse.

Både Nik og McKennah spelar i skulekorpset (er eit valgfag på skulen (8. kl. og high school)) so begge var opptekne med å spele gjennom mesteparten av kampen...

Laget til Bennett H.S.

Maskoten

Korpset


Kaniner, korps og kanibalhøner

Kykkeliky! Søndag blei eg vekt av hanegal...

Laurdag var det flytting til ny familie. Ray og Katy Carter, Nikolas (14) og McKennah (13) bur litt utanfor sentrum av Bennet. Det er ein landlig tettstad ca. ein halvtimes kjøretur Aurora (ein by samanvokst med Denver). Familien min har to hundar, fire ender, ca. tredve høns, eit par hanar og to tamme kaniner, pluss nokre ville i hagen... Hønene virkar dessutan heller skumle når  dei hakker ihjel andre småfuglar...

Katy jobbar som vikarlærar og måndag fekk eg vere eg med henne til Bennet High School kor ho heldt oppsyn med korpsklassene. Artig!!!

Carter-familiens hus i Bennett

Fly- og bilshow




Inne i kyrkja

Villkanin i hagen

Nokre av hønene

Endene

Museumet i Strasburg



Livet i Parker

I løpet av den andre og siste veka i Parker lagde både eg og May mat frå heimlanda våre. May lagde ein kjempegod Taiwansk rett med med ris som blir steikt ilag med kjøt og andre grønsaker. Eg lagde rømegraut, eller det nærmaste eg kom utan seterrøme... Røme basert på kremfløte er nemlig ikkje mulig å finne her borte. Å koke feitt ut frå lettrømme blir lite i mengde, men fekk iallfall litt til kvar porsjon.

Andre ting eg gjorde mens eg var i Parker var å gå på tur i Castlewood Canyon State Park, handletur til Cherry Creek Shopping Centre, plukke chokecherry (kvelar-kirsebær?) og lage gele, kjørte rundt og såg på nokre av dei ulike butikkane rundt i nærområdet og vere saman med banebarna til vertsfamilien.

Parker var Mays siste familie i USA, so fredag ettermiddag kjørte vi til flyplassen og det vart ganske fælt å seie hadebra til kvarandre.

Huset til Pat og Dennis:

Frå Castlewood Canyon


Til sals på hagesenteret

 

Douglas County Fair & Rodeo

Denne fyrste veka vår her i Parker har det vore fair. Eg og May har hjelpt til med å sortere og henge opp fotografia under den opne (for alle) delen av fair, vi har kasta godteri til barna som ein del av parada, skjært kakestykker til kake-ete-konkurransen og meir. Dessutan var vi og såg på rodeo på laurdag.

 

Utstillingane









Pie eating contest




Pygme-geiter

...og andre dyr






 

Parada

Rodeo








IFYE-treff og ny familie

For å møte neste familie reiste vi til Leadville. Leadville er Colorados høgste by og i overkant av 3 000 moh.

I Leadville møtte eg igjen Hsin-Mei (May) frå Taiwan og Cecilia frå Sverige. Eg og May skal bu hos same familien i to veker, og Cecilia skal flytte til Mays forrige familie. Det passa derfor fint at alle møttest samtidig.

Familien eg og May bur hos består av Pat og Dennis. Alle barna deira har flytta ut, men eine sonen bur med sin familie i nabolaget, og vi har møtt dei fleire gongar allereie. Pat er lærar på småskulen (0-5 kl) og vi var med henne på jobb og fortalde elevane om landa våre.

 

May, meg og Cecilia, og eit par av vertsfamiliane

Eselkøyring

Rakeriver er normal dekorasjon her omkring

Air Force Akadamy




Garden of the Gods

Kabriolet, May og Dennis

Denver:

Store ekorn



Molly Brown House


State Capitol


Hadetbra western slope

Etter tre flotte veker i Norwood, og totalt seks i western slope (den vestlige regionen). I løpet av dei to siste vekene mine i Norwood har eg (i tillegg til fair) feira bursdag, hjelpt til med Bondens marked både i Norwood og i Telluride og besøkt nasjonalparkar og -monument. Både Lowry Pueblo, Hovenweep National Monument og Mesa Verde National Park er nærmare 1000 år gamle ruinar etter puebloindianarar. Alle desse er fasinerande på ulike måtar, og det var kjempespennande og høyre om korleis desse nesten alltid var bygdt i nærleiken av vatn, og at ein har funne at tilgangen til bygningane endrar seg frå opne til lukka på same tid som trea begynner å vise teikn på dyhydrering og tørke.

 

Tøffe benkar i Telluride

25-års bursdagskake, nam

Hovenweep nasjonalmonument



Lowry Pueblo


Mesa Verde Nasjonalpark



















Les mer i arkivet » September 2013 » August 2013 » Juli 2013
hits